Framsida.

Velkommen til

Vågå Historielag

 

 

 

Jutulheimen

 

har lokale for bryllup, slektsstemner og barnedåp. Både tilstellingar og omvising kan avtalast også utanom vanlege opningstider.

 

 

All henvendelsar og booking kan gjerast til

 

Eirik Haugen.

Tlf. 90530671.

 

E.post.

 

For opplysningar om

omvisning og opningstider m.m. så finn du det på

nettsida her.

 

gudbrandsdalsmusea.no

 

 

 

 

 

 

Vågå Historielag og

styreleiar kan

treffast på.

 

 

Alle medlemmar

 

får Jutulen tilsendt

i posten.

Vil du bli medlem

og støtte historielaget

kan det gjerast ved å

betale for livsvarig medlemskap på kr. 300,- til bankkonto

 

2085.25.95311

 

I tillegg blir det utskrivi årleg frivillig medlemspenger på kr. 100,-

 

Støtte til

Vågå Historielag kan og gjerast gjennom

Grasrotandelen i Norsk tipping.

Hver gang du spiller går

5 prosent av din innsats til mottakeren du velger.

Send sms

"Grasrotandelen 971301090"

til 2020

**********************************************************************************

 

Fyrste traktoren i Vågå.

Kveldsseto i Jutulheimen.

 

Fyrste traktoren i Vågå vart utstilt under traktor-rock.

Moline Universal 1917-modell, også kalla Jernhesten. Tor Holbø kjøpte Jernhesten våren 1921.

Kåre Simenstad i Sjoa Heidal Gammel Teknisk Forening fortel om denne 100 år gamle traktoren og den tekniske utviklinga i jordbruket i Nord-Gudbrandsdalen som kom med at traktorane avløyste hesten.

Kanskje blir det ein liten video om traktoren også.

Samtale om framtida for “Jernhesten”

- Kjøpe han attende til Vågå

- Bevare han ved teknisk konservering og hindre at han ikkje rustar

- Stille han ut med informasjon om lokal landbrukshistorie

Onsdag 13. september kl. 19.00

Kaffespleis.

Alle velkomne!

Arr.: Vågå Historielag

 

 

**********************************************************************************

 

Historisk vandring i Vågåmo

 

Tema er bl.a. gamle snikkarverkstadar i Vågåmo:

Damstuguverkstaden, Enstadsverkstaden, Bakken & Jotun ....

 

 

Frammøte bilkontoret

onsdag 9. august 2017 kl. 18.00

Arr.: Vågå Historielag

 

 

**********************************************************************************

Utstilling i Jutulheimen

 

Søndag 18 juni kl. 12.00 er det opning av Johannes Steen sin maleriutstilling i Jutulheimen.

 

**********************************************************************************

 

Historisk vandring til Holongssetrene

 

Vi går setervegen oppover og skal både til nørdre og søre setrene.

Det blir kaffe når vi kjem oppover.

Bjula Ulsletten er guide og fortel om setrene.

Onsdag 14. juni 2017 kl. 18.00.

Frammøte: avkjøringa til Holongssetervegen ved Lihaug.

 

 

Arr.: Vågå Historielag

Fotoutlån: Ragna Flagestad

 

*********************************************************************************

 

 

 

Dugnad i Jutulheimen

 

Det blir vårpuss, raking og evt. litt anna "strigling" i

Jutulheimen Fredag 5. MAI, KL. 19.00.

Vi ber om årsaking for stutt varsel denne gongen,

men håpar at ein del kan stille likevel.

Det blir kaffe og biteti. Ta med rive.

Vel møtt til ei lita fredagskveldsøkt i triveleg selskap!

 

**********************************************************************************

 

Historisk vandring til Flåten i Nordherad

Vi går om Kattholet, Grevrusten og Kleiven.

Omvisning og kaffe på Flåten.

Tema:

- Busetjingshistorie i almenninga

- Historia til almenningsbruket Flåten

- Restaureringsarbeidet på Flåten

Onsdag 10. mai 2017 kl. 18.00.

Frammøte ved Nebbneshaugen

vest for Grev.

Arr.: Nordheradsprosjektet og Vågå Historielag

 

 

**********************************************************************************

 

 

Kveldsseto i Jutulheimen

Skogforvaltar Simen Wolrath

 

Dag Aasheim fortel om skogforvaltar Simen Wolrath og spesielt om hans arbeid i Vågå Historielag og med innsamling av bygdahistorie.

Etterpå blir det filmopptak frå 1960-talet om Kvieriddaren og Skårvangssola, vi kjenner att fleire eldre vagverar.

Onsdag 12. april 2017 kl. 19.00.

Kaffespleis.

Alle velkomne.

Arr.: Vågå Historielag

 

**********************************************************************************

Årsmøte

 

 

Innkalling til årsmøte i Jutulheimen onsdag 8. mars 2017 kl. 19.00.

Sakliste:

1. Val av møteleiar og ein til å skrive møteboka.

2. Godkjenning av innkalling og sakliste

3. Årsmelding

4. Rekneskap

5. Innkomne saker

6. Val av 1 styremedlem for 3 år

Val av 3 varamedlemmar til styret

Val av styreleiar og nestleiar

Val av 2 revisorar

Val av ny valkomite

7. Kontingent

 

Fotokveld

 

I samband med årsmøtet blir det fotokveld. Med oppfordring om å ta med gamle bilder for skanning til historielagets fotoarkiv.

Vi viser denne kvelden tidlegare innsamla bilder på stor skjerm.

 

 

 

 

 

 

Bildet viser Maria Dalen som hentar vatn frå brunnen, legg merke til brunnstanga.

Foto: Kjell Andersen