
Velkommen til
Vågå Historielag
Stifta 1929


Hus og eigedomar som laget eig.
Vågå prestegard, Ullinsvin.
Kvilingsfjos i Randsverk.
I 1804 overdreg Paul Paulsen Blessum (nordre) en del av si sæterkve til felles kvilingssæter for desse to gardane. «Hvileplads for deres Kreature paa Hen og tilbakereisen mellom deres langt fraliggende Sætre». Sætra hadde ikkje hamnrett. Det vart etablert sæter med stugu, 2 lyu, som var delt med vegg på midten og fjøs, med plass til 28 naut, ungdyr og stall under til 10 hester. Sætra og plassen fekk namnet Nyhus kvea.
I 1865 er «Nyhus Hvilsæter nevnt og hadde da vært fast bebodd i 14-15 år».
Kvilingsfjoset i Randsverk, som tilhøyrer historielaget, var kvilingssæter til Kleppe nordigard 143/1 (hovedsæter i Veoli) og Kvarberg uppigard 72/1 (hovedsæter i Griningsdalen).
Nå står att berre ei lyu på Nyhus kvea. I 1973/74 skulle vegen frå Randsverk og innover utvidast, og fjøset sto heilt i vegkanten. Eigarane «overdrog» fjoset til Vegvesenet som tok kontakt med Vågå Historielag. Planen var å få det over på den tomta det står på i dag før vinteren 1975, men vart eit år seinare grunna formalitetar med tomt. Utførande handverkar var Harald Lauvstad.
Utdrag frå artikkelen om kvilingsfjoset side 94, i Jutulen 2017, som Asbjørn Kvarberg har skreve. Kan lesast her:
Er det nokon som har informasjon om hus som historielaget eig, som bør dokumenterast her, kan det sendast til e.post
